VINTERDIKT
Snømannen,
snøballen,
snøskulpturen,
alt du kan lage av snø i naturen.
Ein kopp varm kakao,
fra termos på fjellet.
Nyte ein pause,
fra nett og fra folk.
Hei! Eg heiter Johanne, og er 13 år. Eg har ei søster og ein bror. Skulen eg går på er Møre Ungdomsskule. Mine interesser er korps, kor, ungdomskveld og å vere leiar på Ving.
Eg har valfaget Media og Komunikasjon, og vi fekk ei oppgåve å skrive eit blogginnlegg om ein av hobbyane våre. Eg valte å skrive om koret Respons fordi det er ein god plass å vere for dei som likar å synge, spille i band og styre lyd og lys. I tillegg til at det kan vere aktuelt for andre å begynne.
For det første er Respons eit ungdomskor fra åttande klasse og oppover. Korøvingane er på Emblem Bedehus på mandagar frå 19.00 til 21.15. I koret er det, med teknikarar og band, over 100 medlemar, og ein tredjedel av dei er guttar. Respons har ei facebookside og nettstaden ungdommskoret.com.
For det andre vil eg snakke om turane. Det er to turar i året — ein lang sommartur og ein kortare tur i mars til Orreneset. Sommarturen er omlag tredjekvart år til utlandet, og i år gjekk turen til Danmark. Da budde vi på Møkholt Strand Camping og Danhostell Copenhagen City . Det var ein super tur med mange bra folk!
Kva gjer de på fritida?
Velkommen til min blogg! Dette innlegget er mitt første innlegg. Dette innlegget kan slettes via kontrollpanelet